fredag 15. september 2017

Illustratør? Eg?

Det er blitt nokre bøker frå mitt skrivebord etter kvart. Frå store og små forlag.
No er den vesle boka HÅP på veg - ei lita gåvebok om sommarfuglen som symbol.
Og responsen frå dei som er spurde om å ta inn boka for sal, begynner å komma. Og tenk: Første reaksjonen er: Boka er fin. Illustrasjonane er flotte!
Eg trur knapt mine eigne øyre. Men er frykteleg glad. Eg som tok penselen fatt fordi eg i ein periode ikkje kunne halda noko som var tyngre enn det. Og som ikkje har gått i lære nokon stad.
Eg fryder meg og er lukkeleg overraska!
Her er bokomslaget og nokre av illustrasjonane:



Om du er interessert, kan boka tingast hos meg; marit.totland@knett.no  - kr 150 + porto

og hos Bok & media, på nett her

mandag 4. september 2017

En varm sommarfugl i vinterland

Eg har malt mange bilde av "Sommarfugl i vinterland". Denne gongen er det direkte inspirert av songen til Halvdan Sivertsen.
Bildet er 30x30cm i sølvfarga sveveramme, kr 1300,- 

tirsdag 29. august 2017

Kveldssol ved havet

Tre små seine solstråler. Bilda er10x10 cm i sølvfarga sveveramme. Kr 250 pr stk

Skarvaskjer

30x30 cm, akryl på lerret  med strukturgrunnlag i sølvfarga sveveramme, kr 800,-

Modell til sommarfuglboka

I løpet av hausten kjem boka "Håp", ei gåvebok om sommarfuglen som symbol. Ca 14x14 cm. 
Desse sommarfuglane er gjennomgåande illustrasjonar i boka.
Bidet er 50x60 cm, akryl på lerret i sølvfarga sveveramme, kr 1500,-
Boka kan bestillast allereie no, i kommentarfeltet her, eller ved epost til meg marit.totland@knett.no.
Prisen er ikkje heilt fastsett, men det blir ca 150 kr + evt porto. 

Fjelberg

Akryl på lerret, 30c90 cm, i sølvfarga sveveramme, kr 3500,-
40x60 cm, kr 2500,-

Glimt frå Åkra i Kvinnherad

Under bru, 30x30 cm, akryl på lerret i sølvfarga sveveramme, kr 700,-

30x30 cm, akryl på lerret i sølvfarga sveveramme, kr 700,-


Akryl på lerret i sølvfarga sveveramme, 40x40 cm, kr 1400,-

seld

seld

seld

mandag 10. juli 2017

Håp

I sommarregnet har eg prøvd ut ein ny teknikk; pastastruktur. Her er resultata:



Bilda er 30x30 cm, akryl på lerret i sølvfarga sveveramme, kr 900 pr stk


søndag 9. juli 2017

Skodde ut mot havet

 Inn ned Nesagabet. Bildet er 40x40cm, akryl på lerret i sølvfarga sveveramme, kr 2000,-

Venting. Bildet er 30x30x3 cm, akryl på lerret, kr 1400,-

Sjøbris


Sjøbris held til i Åkra og er eigd av Ragnar Vågen. Begge bileta er selde.

Sjøbris malt på pasta, 18x24 cm i sveveramme, kr 600,-

torsdag 29. juni 2017

Ut mot havet, Sandvesand og litt til

Det er sommar og tankane blir dradde mot havet. Det viser igjen på lerretet for tida.


Sandvesand, 70x80x5cm, akryl på lerret, kr 4000,-

Siggjo, 30x30 cm, akryl på lerret i sølvfarga sveveramme, kr 1200,-
30x24cm, akryl på lerret i sølvfarga sveveramme, kr 700,-

30x24cm, akryl på lerret i sølvfarga sveveramme, kr 700,-

fredag 16. juni 2017

Å, eg veit meg eit land langt der oppe mot nord!

Blankt hav,
slik kan Lofoten vera
også!

Bildeter fri fantasi, eller Lofoten, tema med variasjonar.
50x60 cm, akryl pålerret i sølvfarga sveveramme, kr 3500,-

Plass til ein til?

Lundefugen finn vegen tilbake. Men er det plass til ein til?

Bildet er 40x40 cm, akryl på lerret i sølvfarga sveveramme, kr 2000,-

lørdag 3. juni 2017

fredag 12. mai 2017

Menneska eg møtte

Etter kvart har eg møtt mange menneske. 
Nokon arbeidsame og urolege. 
Andre tause og sindige. 
Triste og leie. 
Glade og sprudlande. 
Unge og gamle.
Oppfinnsame og redde. 
Skjøre og sterke.
Noken hugsar eg godt. 
- Dei trer fram på podiet i minnet. 
Andre held seg i bakgrunnen, 
men er der likefullt.
Nokon strekte eg ut ei hand til, 
men dei eg hugsar best 
er dei som strekte ut ei hand til meg.

............

Bildet er akryl på lerret, 40x40cm i sølfarga sveveramme og kan kjøpast for kr 1200,-


tirsdag 9. mai 2017

Skodda lettar

Karmøy-sommar; ofte sol og skodde når nordavinden tar ein pause. 
Bildet er 40x40 cm, akryl på lerret i sølvfarga sveveramme, kr 2000,-

Pingvinliv å læra av

Når det stormar som verst, er det best å halda saman. Fint for den vesle karen som vil stikka av at nokon hentar han tilbake til flokken. Bildet er 50x50 cm i sølvfarga sveveramme, kr 2000,-

Å gå saman og skifta på å stå ytterst i dei hardaste taka, gjer at alle kan overleva ved at dei får kvar si stund i livd. BIldet er 40x40cm i sølvfarga sveveramme, kr 1500,-

Albatrossen kan lett plukka opp ein liten pingvinunge. Godt med foreldre som passer på. Bildet er 30x30cm i sølvfarga sveveramme, kr 1000,-

Høinessjøen


24x30 cm, akryl på lerret i gullfarga sveveramme 

kr 2000,-

søndag 30. april 2017

Buda på Totland

Har malt buda på Totland, ikkje utvendig, det er eit for stort arbeid for meg. Men ei krå av den eine etasjen innvendig, kunne eg mala. Trur eg kallar det: Ut mot havet.

60x80 cm, akryl på lerret i sølvfarga sveveramme, Kr 3000,-

Sommarfuglane dukkar stadig opp på lerretet

30x30 cm, akryl på lerret i sølvfarga sveveramme, kr 900,-

Svaner

Svanedanse, akryl på lerret i gullfarga sveramme, 24x30 cm, kr 700,-

Sildeflåten kjem inn

Dette er andre utgåve av motivet "Sildeflåten kjem inn", større bilde og litt andre fargar, annleis skodde. Bildet er seld.

Eit grusomt bilde

Eg ser mykje krim. Ein kveld slo det meg at det vil vore aldeles forferdeleg om etterforskarene hadde sett eit sånn gult kort ved ein smokk som eit bevis på ein åstad. Det tok to år før eg kom på at det kunne bli eit talande bilde, til eg malte det. Eg ville aldri hatt eit slik bilde på veggen i stova.
Nokon meiner det er for grusomt. Dei hadde "lese" det verre enn eg hadde tenkt det.

Bilde er 30x30 cm, i sveveramme, kr 900,-

onsdag 29. mars 2017

Vestlandssafari


Kva skjuler seg bak neste sving?
 I alle fall fjorden; for eg ser mastene frå skip ved hamna.
 Elles skjuler det seg nye svingar, reknar eg med.

Bildet er 30x40 cm, akryl på lerret i sølvfarga sveveramme, kr 900,-

Øygarden i Skudeneshavn

Bildet er 30x30 cm, akryl på lerret i sølvfarga sveveramme, kr1000,-

søndag 26. mars 2017

Blåtimen ved fjorden


                                  30x30 cm, akryl på lerret i sølvfarga sveveramme, kr 2500,-