Bøker frå Nauthydlaren

Oversikt over bøker utgitt på Nauthydlaren forlag. 

Håp - ei sommarfuglbok

Utgitt september 2017


Ei lita gåvebok, 36 sider, 14x14 cm, innbunden kr 150
Første del av boka handlar om larvane som fryktar det dei har høyrt rykte om skal komma.
Andre del handlar om sommarfuglen som symbol.


 Blåstrømpe






Den historiske romanen frå seglskutetida i Skudeneshavn på 1870-talet måtte ha eit namn. Hovudpersonen, Karina, var sterk og stolt trass sitt noko forsiktige vesen. Ho skulle etter kvart få makt, meir enn ho nokon gong hadde drøymt om. I dag ville kan henda nokon kalla henne rødstrømpe fordi ho gjorde uredde val. Men ho gjorde ikkje slike val for å provosera nokon, ho valde kvar gong ho stod ovafor eit val. Nokre gonger var vala heilt frie, andre gonger …?
 
Blåstrømpe måtte vera beste namnet. Nemninga blei hånleg nytta på kvinner som engasjerte seg i litterært eller vitskapleg arbeid, noko som kunne gå utover det kvinnelege. Ordet skriv seg frå namnet på Mrs. Montagus litterære samkomer i England på midten av 1700-talet, The Blue Stocking Society, kor ein av dei viktige herremennene alltid gjekk med blå strømper.

Etter å ha lese ein god del slektshistorie frå heimplassen min, og sett nærare på historia til Skudeneshavn, slo det meg at livet mellom dei kvite husa i Søragadå i 1870-åra, var meir ulikt det livet eg kjende, enn eg før hadde trudd.

Slik vaks historia om Karina fram, tenestejenta som kom frå Stavanger for å få seg huspost. Ho blei ikledd alle dei kleda eg fann. Hendingane er frå mange ulike personar, men familiemønsteret, lagnadene, miljøet og utviklinga i Skudenes er henta frå historia. Men personen og koplinga av hendingar er vevd saman i ein historisk roman, med ei fiktiv verd inn i den reelle.

Slik møter Karina Skudeneshavn:
"Om ikkje overfarten til Skudenes var noko langferd, så var det meir enn nok for Karina. Det var greitt nok å stå på dekk og kjenna vinden ta i kleda så lenge dei var i Byfjorden. Men ute på havet, med kurs for Kvitsøy, blei det ein annan dans. Karina hadde ikkje prøvd dette før. Ho sveitta og svimla, og kjende at magen blei sogen opp og fram. Ho hadde høyrt at det var best å mata krabben fyrst som sist. Då ville det bli så mykje betre etterpå. Men opp og ut ville det ikkje, det treskjeverket av ei uro som arbeidde inne i henne. Det gjorde henne berre ør og fortumla.

Turen var uendeleg lang, og ho orka ikkje ein gong kjenna etter om ho var letta då ein av medpassasjerane på kjentmannsvis gjorde det klart at no var Skudenes i syne. Han snakka på ekte Skudenesmål, og presenterte holmane og dønningane som om det skulle vore hans eigne vener.
- Så snart me passerer Vigeholmen fyr, så kan dokke slappa av. Men fyrst må me ta dei tri Holgersen sine, tri store, tunge dønningar så me alltid møde her ved innløbet.

Karina gjekk ut på dekk. Då ho opna døra, var det som hele havet møtte henne. Vinden tok i skjørtet og pressa henne innover mot lugaren att. Og hatten ville mykje heller leika med den friske havvinden enn å sitja fint og pynteleg på hovudet hennar. Hadde ho ikkje vore rask i venda, hadde han så gjerne foke av garde med den leikande vinden som baud opp til dans. Karina tok godt tak i hattebremmen, og drog den fine besthatten ho hadde etter mor, godt nedover øyro. Ho kjende at den kalde vinden gjorde henne godt, sjølv om ho nesten mista pusten i det fyrste nådelause møtet. Det ulte rundt øyro, og lufta smaka salt.

Mannen hadde rett. Utan forvarsel endra bylgjene takt. Med eit byks bar det ned i bølgjedalen. Sjøen fossa om baugen og kvitt, frådande hav blei slengt opp i lufta, like i andletet på Karina som hadde funne seg ein plass ved rekka. Ho klamra seg fast med eine handa og heldt fast om hatten med den andre. Tre lange turar mot avgrunnen blei det. Men kvar gong retta båten deg opp som ein sigerherre over bylgjene. Og etter tredje runden, sleppte havet taket.
.....................

"Blåstrømpe", Nauthydlaren forlag 2004, M E Totland, Boka kan tingast, kr 150 + porto, : marit.totland@knett.no
ISBN  82-995598-4-7

............................................................................................................................................

Husker du?  
Ei samling tekstar som får oss til å tenka tilbake - faktisk 150 år - med stopp i kvar generasjon. skriven av Rolf Høines, Marit E Totland og Josef G. Larssen, og nokre representantar for den yngre garde.

Josef G. Larssen er også kalt Vestlandet sin Prøysen. "Det skal bli andre boller når paben kjem heim", er ei av dei mest kjende visene hans.

Boka oppfordrer til å skriva ned eigne minne, og kan vera ei hjelp til å få det gjort, til glede for dei som kjem etter oss.

Pris kr 150, inkl porto. Tinging: marit.totland@knett.no
ISBN 978-82-995598-5-0

Husker du?

.....................................................................................................................................

Raut frå byggjefelt til minefelt.

Dikt på høgnorsk av Ole Jakob Totland (17 år)
ISBN 92-995598-3-9
kr 100 inkl porto 

Smakebit:
Kortaste diktet med lengste tittelen:

Eit misvisande nemne som skulde tilsegja at det det er tale um er eit vesen med berande vengjer og fager røyst, noko som ikkje samsvarar med røyndi

Lummelerka er ingen songfugl

..................................................................................................................................

Lokalhistoriske bøker, Rolf Høines forteller frå Skudenehavn.

1. Spøk og alvor frå krig til fred, utseld

2. Svunne tider og forsvunne hus, utseld
    ISBN 82-995598-0-4

3. Med handemakt og hestekraft 


      ISBN 82-995598-2-0 
      kr 150, inkl porto



.............................................................................................................

Mikkel rev, bamse brakar og Ole M. Totland 
 82-995598-1-2
 Restlager tilgjengeleg for etterkomarar av Ole M. Totland