søndag 8. april 2018

Maling + airbrush + små sprayflasker

Jeg har prøvd noe nytt: Akrymaling og airbrush som jeg blanda i små sprayflasker. Et gammelt foto inspirerte, og her er resultatet, 30x80 cm.


Pris for maleriet, kr 2500,-


fredag 6. april 2018

Buda på Totland som motiv på kort


Så idyllisk er det nede ved buda som svigerbestefar, Ole M. Totland, bygde på 1920-talet. Eg blir ikkje lei av å mala denne staden, og no er denne utgåva kommen på eit dobbelt kort. Kanskje på tide å senda ei helsing til nokon?

Kortet er 14x14 cm, og kan også brukast som eit lite bilde.
Også vegen opp til huset er blitt til kort. Bildet er litt kornete. Sidan originalmaleriet var ganske lite, synest noko av strukturen i lerretet på bildet.
Kort med konvolutt kan bestillast hos meg for kr 30 per stk: marit.totland@knett.no

Fleire kort finnest her.

torsdag 5. april 2018

Nye kort med motiv frå Skudeneshavn

No er to nye kort med motiv frå Skudenes på plass i utvalet med malerikort.Heile utvalet finn du her: KORT
Korta er doble med konvolutt, 14x14 cm, kr 30 per stk.
Kan kjøpast ved melding til meg her: marit.totland@knett.no


Også i mørkret finst det håp


Alle sommarfuglbilda mine har får vinger og har dradd ut frå galleriet mitt. Så no maler eg sommarfuglar i vinterland med ein ny vri. Her er ei utgåve inspirert av istappar i ei grotte i haugen bak her som Jan Ove kom over.
Bildet er 30x30 cm i sølvfarga sveveramme, kr 900,-