fredag 12. mai 2017

Menneska eg møtte

Etter kvart har eg møtt mange menneske. 
Nokon arbeidsame og urolege. 
Andre tause og sindige. 
Triste og leie. 
Glade og sprudlande. 
Unge og gamle.
Oppfinnsame og redde. 
Skjøre og sterke.
Noken hugsar eg godt. 
- Dei trer fram på podiet i minnet. 
Andre held seg i bakgrunnen, 
men er der likefullt.
Nokon strekte eg ut ei hand til, 
men dei eg hugsar best 
er dei som strekte ut ei hand til meg.

............

Bildet er akryl på lerret, 40x40cm i sølfarga sveveramme og kan kjøpast for kr 1200,-


tirsdag 9. mai 2017

Skodda lettar

Karmøy-sommar; ofte sol og skodde når nordavinden tar ein pause. 
Bildet er 40x40 cm, akryl på lerret i sølvfarga sveveramme, kr 2000,-

Pingvinliv å læra av

Når det stormar som verst, er det best å halda saman. Fint for den vesle karen som vil stikka av at nokon hentar han tilbake til flokken. seld,-

Å gå saman og skifta på å stå ytterst i dei hardaste taka, gjer at alle kan overleva ved at dei får kvar si stund i livd. Seld

Albatrossen kan lett plukka opp ein liten pingvinunge. Godt med foreldre som passer på. Bildet er 30x30cm i sølvfarga sveveramme, kr 1000,-

Høinessjøen


24x30 cm, akryl på lerret i gullfarga sveveramme 

kr 2000,-