søndag 30. april 2017

Buda på Totland

Har malt buda på Totland, ikkje utvendig, det er eit for stort arbeid for meg. Men ei krå av den eine etasjen innvendig, kunne eg mala. Trur eg kallar det: Ut mot havet.

60x80 cm, akryl på lerret i sølvfarga sveveramme, Kr 4500,-

Sommarfuglane dukkar stadig opp på lerretet

30x30 cm, akryl på lerret i sølvfarga sveveramme, kr 900,-

Svaner

Svanedanse, akryl på lerret i gullfarga sveramme, 24x30 cm, kr 700,-

Sildeflåten kjem inn

Dette er andre utgåve av motivet "Sildeflåten kjem inn", større bilde og litt andre fargar, annleis skodde. Bildet er seld.

Eit grusomt bilde

Eg ser mykje krim. Ein kveld slo det meg at det vil vore aldeles forferdeleg om etterforskarene hadde sett eit sånn gult kort ved ein smokk som eit bevis på ein åstad. Det tok to år før eg kom på at det kunne bli eit talande bilde, til eg malte det. Eg ville aldri hatt eit slik bilde på veggen i stova.
Nokon meiner det er for grusomt. Dei hadde "lese" det verre enn eg hadde tenkt det.

Bilde er 30x30 cm, i sveveramme, kr 900,-