lørdag 17. september 2016

Sildefiske med gode fyrlys

I periodar har havet utafor Skudenes vore fullt av sild og sildefiskarar.
Gode fyrlys var viktig. Me veit alle at lyset var til hjelp om natta. Men om dagen? Var det hjelp å få då?
Eg har lenge vore på leit etter ei forklaring på kvifor gamle bilete har ei mørk stripe på eine veggen av Vikeholmen fyr. Ein visitt på Ulvesund fyr gav meg svaret. Der er stripa på plass framleis. Og ho er signalrød.


Etter litt googling finn eg ut at under restaurering av fyr, er det no nokon som planlegg å få stripa på plass att. Den er det såkalla "dagmerket". Båtfolket skulle sjå at dette ikkje var eit vanleg naust eller hus, men eit fyr.
Gamle bilete dukka også opp, og der kunne eg sjå at det faktisk var rød stripe på to av veggane på Vikeholmen, og det var ei skikkeleg brei stripe på Skude fyr.
Bileta viste også at hetta på lyktehuset ikkje var rødt. Det var brunt og hadde pipe.
Så no veit me det.

Vikeholmen, 30x30cm, akryl på lerret i sølvfarga sveveramme, kr 1000,-



Skude fyr, 30x30cm, akryl på lerret i sølvfarga sveveramme, seld



30x90 cm, akryl på lerret i sølvfarga sveveramme, seld
Det er laga kort av det øvste bildet som er til sal. Du finn det her

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Å leggja ut sine eigne bilete, er nesten som å leggja ut litt av seg sjølv. Likevel: Du er velkomen til å gi tilbakemeldingar i kommentarfeltet. Har du spørsmål om bilete, pris o l, så ta gjerne kontakt: marit.totland@knett.no