søndag 25. september 2016

Fiskelukke ved Bømlo

Denne karen får napp. Han sit og nyt livet nordvest for Bømlo.
Bildet er 40x60 cm i gullfarga sveveramme, seld

Elleville haustfargar

Av og til stikker fargene av med penselen. 
Det skjedde i dag. 
Begynte med ei skisse for aldri meir å koma tilbake til den. 

Bildet er 40x60 cm i gullfarga sveveramme, kr 1200,-

torsdag 22. september 2016

Hjå den som er knust og nedbøygd i ånda


Inspirert av eit foto frå Olav Røssland, og i tråd med bodskapen frå Jesaja 57,15:
Så seier han som er høgd opphøgd, han som tronar evig og heiter Den Heilage: 
I det høge og heilage bur eg
og hjå den som er knust og nedbøygd i ånda.

Bildet var ei gåve til Kyrkjekontoret på Valen for at dei som kjem innom og dei som arbeider der skal bli minna på desse orda i kvardagen.
Bildet blei overrekt ved opninga:




Måkane har fest ved Slåtterøy

Akryl på lerret, 60x80 cm, akryl på lerret i sølvfarga sveveramme,seld

søndag 18. september 2016

Ei svale gjør ingen sommer

Det seiest at ei svale ikkje betyr at sommaren er her. Men med to - då kan det bli lett bli heitt.
30x30x3 cm, akryl på lerret, kr 1000,-

lørdag 17. september 2016

Sildefiske med gode fyrlys

I periodar har havet utafor Skudenes vore fullt av sild og sildefiskarar.
Gode fyrlys var viktig. Me veit alle at lyset var til hjelp om natta. Men om dagen? Var det hjelp å få då?
Eg har lenge vore på leit etter ei forklaring på kvifor gamle bilete har ei mørk stripe på eine veggen av Vikeholmen fyr. Ein visitt på Ulvesund fyr gav meg svaret. Der er stripa på plass framleis. Og ho er signalrød.


Etter litt googling finn eg ut at under restaurering av fyr, er det no nokon som planlegg å få stripa på plass att. Den er det såkalla "dagmerket". Båtfolket skulle sjå at dette ikkje var eit vanleg naust eller hus, men eit fyr.
Gamle bilete dukka også opp, og der kunne eg sjå at det faktisk var rød stripe på to av veggane på Vikeholmen, og det var ei skikkeleg brei stripe på Skude fyr.
Bileta viste også at hetta på lyktehuset ikkje var rødt. Det var brunt og hadde pipe.
Så no veit me det.

Vikeholmen, 30x30cm, akryl på lerret i sølvfarga sveveramme, kr 1000,-



Skude fyr, 30x30cm, akryl på lerret i sølvfarga sveveramme, seld



30x90 cm, akryl på lerret i sølvfarga sveveramme, seld
Det er laga kort av det øvste bildet som er til sal. Du finn det her

onsdag 7. september 2016

Kvalitetstid i Rosendal i 1872


Knut Knutsen var og fotograferte i Rosendal i 1872. Eg har sett farge på, no nærare 150 år etter. Og så har eg tatt vekk noko og flytta på noko, for å få fokus på far og barn-kvalitetstida.

Bildet er 40x120 cm, akryl på lerret, kr 3000,-