tirsdag 30. august 2016

Kyrkjesøndag på 1800-talet

Slik kan det ha sett i Åkra når det var kyrkjesøndag. Kyrkja er måla etter dei opplysningar me har om bygget før 1873.  Familien er måla etter inspirasjon frå eit foto som Knut Knutsen tok på same tid i Hardanger. Bak til høgre ser me kyrkjeskaret der langvegsfarande kom seg over for å vera med på gudstenesta.

Biletet er 30c90 cm, akryl på lerret, seld.

torsdag 25. august 2016

Åkra stavkyrkje



Bilde er seld. Men om det var nett slik kyrkja såg ut, er litt usikkert:

Det var ein gong ei stavkyrkje i Åkra i Kvinnherad. 
Den stod der i alle fall på 1300-talet. Og den stod til 1735.
Me veit at det var eit bygg med midtkyrkje, altså var det eit nivå med såkalte omgangar rundt kyrkja. I tillegg var det svalgangar som var heilt bordkledde. Tårnet hadde ikkje spir.Det var to vindauge på langsida. Måla er kjende. Det var spon på taket. Vips, så var kyrkja rekonstruert!
Berre nokre spørsmål står att: Var tårnet slik år det står at det ikkje hade spir? Eller var det eit tårn på utsida av sjølve kyrkjeskipet sidan det står at tårnet var frå "grunden oppbygd". Eg har kontakta ekspertisen og avventar svar.

onsdag 24. august 2016

Åkra kyrkje med fellestunet anno 1862

Å gjenskapa eit fellestun og ei kyrkje som ikkje lenger er manns minne, er ein langvarig prosess. Ny kunnskap kjem til, og bildet må endrast. Slik ser det ut i dag, onsdag 24.08.2016.




Meir om historieprosjektet i Åkra og fleire bilete finn du her