onsdag 13. april 2016

Ein våg eg ikkje visste fantest...

Ein våg eg ikkje visste fantest, heiter det i diktet. Eg tenkjer meg at det må vera noko slik som dette.
Bildet er 3x50x50 cm, akryl på lerret, seld

mandag 11. april 2016

Hakkespetten byggjer seg ein ny heim

Mannen i huset har hogd skog. Ein hakkespett heldt meg med selskap med taktfaste hakk. No er det påbegynte huset til Hakke borte vekk. Då måtte eg festa han til lerretet før han blei gløymt, tenkte eg. Og som tenkt, så gjort.

Bildet er 50c50x3 cm, akryl på lerret, kr 1400,-