onsdag 30. september 2015

Skul-Erik - eit historieprosjekt.

Bildeserien "Skul-Erik" er laga i eit forsøk på å "finna fram" til livet til Skul-Erik (1823-1919).
Som omgangsskulelærar klarte han å skapa livsgrunnlag for kona Ingeborg og ein stor barneflokk 
på ein husmannnsplass i Åkra i Kvinnherad.







Vindauge mot Skul-Erik sitt liv

Alle bildene er sett saman i eit forsøk på å rekonstruera husmannsplassen og levekåra
i samarbeid med etterkomarar etter Skul-Erik og på bestilling frå dei.

Skulekista blei truleg mala raud i 1872, men han fekk den av faren før den tid. Her er eit bilde der han er ute og går i bakkane med umalt kiste.


Oljemaleri, 50x60 cm, kr 2500,-

Akryl, 30x40 cm, i sølvfarga svevramme, kr 1000,-


Åkra stavkyrkje frå 1300-talet, rekonstruert på grunnlag av opplysningar i arkiv. 40X40 cm, akryl på lerret i sveveramme i sølv, Bildet er ikkje ferdig, då det er tvil om korleis tårenet skal sjå ut.



Kyrkjesundag, seld


Og så er Skul-Eirik på veg heim:









søndag 13. september 2015

Liv

Dette motivet har eg arbeidd med ei stund. Trur bildet skal vera slik som det er no.

Bildet er akryl på lerret, 3x40x40 cm, kr 700,-


lørdag 12. september 2015

Møtet er satt!

Perspektiv. 3x20x60cm, akryl på lerret, kr 600,-

Etter 17 vintrar i politikken, har eg lært dette
som måkane også fortel meg:

- Mykje strid skuldast at me har ulike perspektiv
- Det går fint an å stå åleine
- Det kan henda fleire etter kvart ser same vegen som deg
- Det er ikkje alltid det er dei du trur står deg nærast som ser det same som deg.
- Det er andre som også står åleine
24x30cm i sveveramme i gull, seld