torsdag 30. juli 2015

Ei svale gjer ingen sommar, men to...


Ei svale gjer ingen sommar
men er det to
kan det fort bli
ganske heitt


Dette bildet såg eg føre meg då eg fann eit bilde av to ospetre på Instagram. Og her er resultatet.
Bildet er 50x50x3 cm, akryl på lerret, kr 1200,-

Elles er svalene kjekke å mala:


Profilbilde av modellen min

Denne karen er med på mange av bilda mine. Oftast svever han litt høgt over motivet. I dag synest eg han fortener å vera hovudpersonen, så eg har spandert på han eit portrett.

akryl, 20x20 cm, seld
Til vanleg har han ofte ei slik rolle i bileta:
Høyevarde, ved Karmsundet, 60x60 cm i sveveramme, akryl på lerret, kr 3000,-



seld

Kvinnheradnostalgi

Malt etter eit flyfoto, kanskje frå ca 1962. Har du nærare opplysningar?
akryl på lerret i sveveramme, 30x40 cm, bildet er seld


mandag 27. juli 2015

Livets klyverbom

Under Skudefestivalen i Skudeneshavn har Sildakongen fleire gonger framført diktet sitt om korleis det er å vera på livets klyverbom. Når ein veit korleis det ser ut på ein klyverbom på ei stor skute, aner ein kva han har i tankane.

Tittel: Møte i rom sjø

Bildet er 40X40cm, akryl på lerret, kr 1000,-

tirsdag 21. juli 2015

Fullriggaren kjem!

Bildet er 100x50cm, akryl på lerret, seld

Fullriggaren på veg inn til Skudenes.

Ein stor utanlandsk fullriggar, akryl på lerret i sveveramme, 30x40 cm, kr 1200

Sørlandet, fullriggar, akryl på lerret medsveveramme, 30x40cm, kr 1200,-

søndag 19. juli 2015

Naturen er modigare enn meg

Ofte tenkjer eg at eg må spara på fargane, så ingen kan meina at eg overdriv. 
Men naturen er modigare enn meg. 
akryl på lerret, 30x30cm i sølvfarga sveveramme, kr 800,-

fredag 10. juli 2015

La humla susa!

 "Du skal ikkje kalle ei greip for ein spade"
Akryl på lerret, 3X20x80 cm, seld



Sommardagen gir inspirajon.
Akryl på lerret i sølvfarga sveveramme, 30x40cm, seld